Rev
Revar (Vulpini) er altetande landlevande rovdyr i hundefamilien. Revane er inga systematisk gruppe, men er sett saman av fleire liknande hundedyr. Det finst ulike reveartar i nær alle verdsdelane. Den best kjende reven i Noreg er raudrev, men det finst òg ei mindre gruppe fjellrev i landet. SkildringRevar er mindre enn dei fleste andre hundedyra, med ein storleik typisk lik den til ein huskatt. Dei lever som regel åleine innanfor strengt oppdelte territorie, og held til i revehi. Dei kan bli 10–12 år, men dette er uvanleg i naturen. KulturRevar blir gjerne rekna som slu og smarte dyr. Han er kjend som den lure vennen til den dumme bjørnen i norsk folkedikting, og som lurefiguren Reynard i fleire europeiske tradisjonar. Eit stjernebilde på den nordlege himmelhalvkula er kalla reven. SlekterKjelder
Bakgrunnsstoff |