Rekhasim
Rekhasim (hebraisk skrift רְכָסִים) er ein by (lokal kommune) i Haifa distrikt i Israel. Han ligg mellom Kiryat Tiv'on, Kiryat Ata og Nesher, ved hovudveg 70, 75 og 762. Det er estimert at folketalet mot slutten av 2009 var 9 200.[1] HistorieHan er kalla opp etter eit vers i Jesaja (Jesaja 40:4), fordi byen ligg på fire åsryggar. Han vart grunnlagd i 1951 av tidlegare soldatar og innbyggjarar frå nærliggande ma'abarot.[2] GeografiRekhasim ligg på fire åsar nær Karmelberget, avmerkt med hebraiske bokstavar (Hill Alef, Bet, Gimel og Dalet). Han grensar til to landsbyar i Zvulun regionale kommune: den jødiske Kfar Hasidim og den arabiske Ibtin. Det lågaste punktet er 19,8 meter over havet, og det høgaste er 193,6 moh. Middeltemperaturen i januar er 11 ºC og 27 ºC i august. Årsmiddelnedbøren er 650 mm.[3] Kjelder
|