Rattle That Lock er det fjerde soloalbumet til Pink Floyd-songaren og gitaristen David Gilmour. Det vart opphavleg gjeve ut i september 2015 på Columbia.[2][15][16] Gilmour fullførte ein kort turné i Europa i september og oktober 2015 og i Sør-Amerika i desember 2015. Ein liknande turné vart heldt i USA og Canada i mars og april 2016.
Plateomslaget vart skapt av Dave Stansbie frå The Creative Corporation under rettleiing av Aubrey Powell, som hadde arbeidd med David Gilmour og Pink Floyd sidan seint 1960-åra.[2]
Innspeling
Albumet vart spelt inn i studioa til Gilmour. Phil Manzanera, som var medprodusent på albumet, estimerte at Gilmour hadde skrive songar for Rattle That Lock over dei siste fem åra, men peikte òg ut eit pianostykke som var spelt inn i stova til Gilmour 18 år tidlegare.[17] Det meste av albumet vart spelt inn i Medina Studio i Hove – og ekstra lydspor vart spelte inn i husbåtstudioet Astoria, begge i lag med lydteknikaren Andy Jackson. Det siste Pink Floyd-albumet The Endless River, vart på liknande vis spelte inn og produsert i desse to studioa.[2][18] Orkesterpartane vart spelte inn i AIR Studios i London[19] og Liberty Choir vart spelte inn i ei kyrkje i South London.[19] Albumet vart miksa i Astoria og masteringa for alle format vart utført av James Guthrie og Joel Plante i das boot recording i Lake Tahoe i California.[18]
Tittelsporet «Rattle That Lock» var inspirert av ein SNCF-jingel, komponert av Michaël Boumendil. Denne jingelen vert òg nytta på sporet. Gilmour hadde høyrd og spelt inn jingelen på iPhone-en sin i Aix-en-Provence medan han var på besøk hos nokre vener.[2][20] Då Boumendil fekk ei telefonmelding frå Gilmour trudde han førstdet var ein spøk, så han ringde ikkje attende.[21] Teksten på sporet vart skriven av kona til Gilmour, Polly Samson og er baserte på tema i John Milton-romanen Paradise Lost. Musikarane Mica Paris and Louise Marshall, i lag med Liberty Choir, speler på songen.[2]
Sonen til David, Gabriel, speler piano på songen «In Any Tongue», som var første gongen han var på ei plate.[22]
Marknadsføring
Radio
«Rattle That Lock» var den første singelen frå albumet og han vart først spelt på BBC Radio 2-programmet The Chris Evans Breakfast Show morgonen 17. juli 2015.[2] Singelen vart like etter gjort tilgjengeleg for digital nedlasting.[2][23] I veka som byrja 3. august 2015 gjorde BBC Radio 2 «Rattle That Lock» til vekas singel, og han vart derfor spelt minst ein gong til dagen den veka.
Musikkvideo
Den 31. juli 2015 vart det sleppt ein musikkvideo for «Rattle That Lock» på nettsida til Gilmour og marknadsført via sosiale media. Videoen vart laga av Trunk Animation og regissert av Alasdair Brotherston og Jock Mooney, produsert av Richard Barnett og involverte 12 animatørar, kunstnarar og typografar. Aubrey Powell frå Hipgnosis var kunstnarisk leiar for videoen. Videoen syner fallet til Lucifer frå Himmelriket og den påfølgjande reisa hans gjennom Pandæmonium, skjerselden og Kaos der han forderver jorda og vert Satan, slik det vert fortalt i det episke diktet Paradise Lost.[24]
Utgåver
Standardutgåva
Enkel CD med tøyomslag og 22 siders hefte
180g vinyl LP
Inneheld 16-sider md tekstar og bilete og eit pass for å laste ned albumet digitalt
Luksusutgåva
Luksusutgåva er tilgjengeleg på CD/DVD og CD/Blu-ray og inneheld
Albumet på CD
Albumet på DVD eller Blu-ray Disc i 5.1-kringlyd og høgkvalitetsstereo
Den digitale utgåva av albumet i mp3-format var tilgjengeleg frå iTunes og Amazon.
Dei digitale utgåvene er:
Standard digital utgåve: Albumet i digitalt format med eit digitalt hefte
Luksus digital utgåve: albumet med eit digitalt hefte pluss:
4 spor som ikkje er på albumet
4 Barn Jams
2 musikkvideoar
Plateomslag
Biletet på omslaget består av eit landskap fotografert av Rupert Truman frå StormStudios[25] med målte kråker som rømmer får eit bur.[17] Fotografia inne i omslaget vart tekne av Kevin Westenberg[25] medan Polly Samson tok bilete frå innspelinga.[25]Aubrey Powell frå Hipgnosis var kunstnarisk leiar.[26]
Turné
Rattle That Lock-turneen byrja 12. september 2015 i Pula i Kroatia med ei spesialframsyning av albumet den 5. september 2015 i Brighton i England. Turneen enda 12. april 2016 i New York City, med ein tre månaders pause mellom den søramerikanske og nordamerikanske delen av turneen. Gilmour spelte òg ein enkel konsert i Wrocław i Polen den 25. juni 2016.
Dei fleste spelestadane under den europeiske delen av turneen var i romerske amfiteater, liknande det som finst i Pink Floyd: Live at Pompeii (1971). Gilmour spelte òg på historiske stader i London: Royal Albert Hall og KOKO (tidlegare Camden Palace-teateret). Han spelte òg på det historiske Auditorium Theatre i Chicago, der han siste gongen spelte med Pink Floyd i 1972. I juli 2016 spelte Gilmour og bandet hans to konsertar i Pompeii og i 2017 vart ein film av konserten vist på utvalde kinoar verda over.[27] Dette vart til slutt gjeve ut på forskjellige format.
↑"Top Stranih [Top Foreign]" (På kroatisk). Top Foreign Albums. Hrvatska Diskografska Udruga. Henta 20. juli 2019.
↑"Top 50 Prodejní". Tsjekkiske album. CNS IFPI. Note: On the chart page, select 201539 on the field besides the word "Zobrazit", and then click over the word to retrieve the correct chart data. Henta 20. juli 2019.