Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

Ragna Thiis

Ragna Thiis
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. februar 1940 (85 år)
Trondheim
Yrke kunstmålar
Far Helge Thiis
Mor Greta Thiis

Ragna Marina Thiis (fødd 12. februar 1940 i Trondheim) er ein norsk biletkunstnar og kunstpedagog.

Ragna Thiis er utdanna ved SHKS 1959–1961, ved målarlinja, med glasmåleri og grafikk; og ved måleravdelinga til Statens kunstakademi hos Aage Storstein og Alf-Jørgen Aas 1964–1967. Ho tok seinare utdanning ved Statens lærerhøgskole i forming, Oslo 1980–1982, og har frå 1983 lektorkompetanse i forming. Ho er dotter av domkyrkjearkitekten Helge Thiis og biletkunstnaren Greta Thiis, og syster av Aina Thiis Leirdal og Tone Thiis Schjetne.[1]

Arbeid

Eit av glasmåleria Ragna Thiis laga for Vadsø kyrkje.

Ragna Thiis har vore formingslærar ved Trondheim off. døveskole, 1968–1969, Brundalen yrkesskole og Elen Ofstads skole, 1983–1986, og Gerhard Schønings skole, 1993–1994, og i grafisk design ved Merkantilt institutt, 1989–1999. Ho var kunstkritikar i Adresseavisen 1970–1974, Arbeider-Avisa 1974–1976 og i «Arena : trøndersk tidsskrift for kunst og kultur» 1978–1981. Ho har også arbeidd med rekvisittar og stilhistorie ved Trøndelag teater.[2]

Utsmykkingar ho har utført er i fyrste rekkje glasmåleri i Vadsø kyrkje i 1972. Ragna Thiis er kjøpt inn av blant andre Norsk kulturråd, Sør- og Nord-Trøndelag fylke, Statoil og ei rekkje kunstforeiningar. Hennar førebels siste utstilling i Trondhjems kunstforening (2005) blei av Adresseavisen skildra som «hjemlige betraktninger av Munkholmen, akvareller og kollasjer».[3]

Kjelder

  1. Norsk kunstnerleksikon, Bind 4., side 209, Oslo 1986
  2. Adresseavisen, 12. februar 2000 og Aftenposten, 12. februar 2000
  3. Heidi Oliv Wollamo (24. september 2005). «Kafeflørt i dukkeversjon». Adresseavisen. Arkivert frå originalen 15. november 2005. Henta 23. januar 2009. «I andre etasjen hos Trondhjems Kunstforening holder to andre kunstnere hus. Atle Folstads fargerike og humoristiske malerier bringer tankene til Matisse, mens Ragna Thiis har mer hjemlige betraktninger av Munkholmen, akvareller og kollasjer.» 
Prefix: a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9

Portal di Ensiklopedia Dunia

Kembali kehalaman sebelumnya