Rùm
Rùm (eit skotsk-gælisk namn som ofte vert anglisert til Rum, mogleg frå norrønt Romey) er ei øy i Small Isles i Indre Hebridane i Skottland. Gjennom det meste av 1900-talet heitte øya Rhum, ei staving som den tidlegare eigaren Sir George Bullough kom på, fordi han ikkje likte tittelen «godseigar av Rum». ![]() Ho er den største av Small Isles og den femtande største i Skottland, men er berre busett av om lag 30 innbyggjarar. Alle desse bur i landsbyen Kinloch på austsida. Øya har vore busett sidan 7000-talet f.Kr. og er ein av dei tidlegaste busetnadane ein kjenner til i Skottland. Dei tidlege keltiske og norske busetjarane etterlet seg berre få skriftlege kjelder og gjenstandar. Frå 1100- til 1200-talet vart øya underlagt forskjellige klanar, mellom anna MacLean-klanen frå Coll. Folketalet voks til over 400 seint på 1700-talet, men under Highland clearances vart folketalet kraftig redusert mellom 1826 og 1828. Øya vart så ein jaktområde og det eksotiske Kinloch Castle vart bygt av Bullough-familien i 1900. Rùm vart kjøpt av Nature Conservancy Council i 1957. ![]() Rum er av vulkansk opphav og fjella vart erodert ned under isbreane i pleistocen. Han er i dag ein viktig stad for økologiforsking, særleg på rådyr, og ein har med suksess redda havørnbestanden på øya. Økonomien er heilt avhengig av Scottish Natural Heritage, eit offentleg organ som i dag styrer øya. Det går båtsamband frå øya til fastlandsbyen Mallaig. Bakgrunnsstoff |