Qasr al-Sir
Qasr al-Sir (arabisk skrift قصر السر; hebraisk skrift קסר א-סיר, tyder 'Mysteriefestninga') er ein beduinlandsby i Negevørkenen sør i Israel. Han høyrer tilNeve Midbar regionale kommune. Qasr al-Sir ligg nord i Negevørkenen, berre 3 km vest for Dimona. I desember 2011 hadde Qasr al-Sir 1 090 innbyggjarar.[2] HistorieFør opprettinga av Israel var Negev-beduinane eit delvis nomadisk samfunn som hadde vore gjennom ein prosess for å bli bufaste sidan osmansk styre i regionen. Dei fleste forskarane er samde i at beduinane kom til Negev kring 1800, men det er spor etter dei tidlegare òg.[3] Under Det britiske mandatet gav ikkje styresmaktene eit lovverk til å avgjere og bevare kven som eigde landområda. For å få orden på dette vart landpolitikken til Israel i stor grad tilpassa dei osmanske landreguleringane frå 1858 som det føregåande lovverket. Dermed nasjonaliserte Israel det meste av Negev ved hjelp av statlege landreguleringar frå 1969.[3] Israel heldt fram linja for å få fast bustad for Negev-beduinane, som dei osmanske styresmaktene tvinga på dei, og det omfatta først regulering og flytting. I 1950-åra flytta Israel to tredjedelar av Negev-beduinane til eit område som var under krigsrett.[3] Det neste steget var å opprette sju kommunar spesielt for beduinane med betre levevilkår, skikkeleg infrastruktur og og gode offentelge tenester innan helse og utdanning. Men ikkje alle beduinane gjekk med på å flytte frå telta sine til leilegheitene og husa som staten hadde laga for dei. Kring 60% av beduinane i Israel bur i planlagde landsbyar som Ar'arat an-Naqab, medan resten bur i ulovlege heimar spredd over heile Nord-Negev.[4] Kjelder
|