Power er det tiande studioalbumet til det amerikanske rockebandet Kansas, gjeve ut i 1986. Det var det første studioalbumet deira for MCA Records.
Eitt og eit halvt år etter Kansas vart oppløyst mot slutten av Drastic Measures-turneen, kom den tidlegare songaren Steve Walsh attende og starta opp att Kansas i lag med dei originale medlemmane Phil Ehart og Rich Williams. Gitaristen Steve Morse, som vart invitert med av Ehart etter at dei to hadde møtt kvarandre på ein konsert i Atlanta, bidrog mykje til låtskrivinga og stilen til den nye besetninga. Bassgitaristen og vokalisten Billy Greer, som hadde arbeidd med Walsh i det kortvarige bandet Streets etter han forlet Kansas i 1981, fullførte den nye besetninga. Det nye Kansas byrja å øve i lag i juli 1985, då Walsh var ferdig med ein turné som musikar for Cheap Trick. Dei gav ut Power året etter.
Det vart laga musikkvideo for singelen «All I Wanted», med forskjellige klipp av kvinner som går og smiler. Berre Walsh og Morse frå bandet var med i videoen. Songen vart miksa av produsenten Humberto Gatica, og vart ein topp 40-hit i USA. Dei neste singlane, «Power» og «Can't Cry Anymore», gjorde det langt dårlegare, men førstnemnde er den siste singelen til Kansas som gjekk inn på Billboard Top 100-lista. Det vart laga ein video med komikaren Richard Belzer for «Can't Cry Anymore».
Xavier Russel skreiv for Kerrang! og kalla den pompøse stilen til Kansas «særs utdatert» og trass i eit par bra rockesongar som «Musicatto», var andre songar «pinlegare enn det som er mogeleg å tenkje seg».[2]AllMusic skreiv at den dramatiske, musikalske endringa til Kansas, var «meir hardrock og pop enn progrock», som «truleg overraska langvarige Kansas-fans» men gav bandet «ei interssant, men til sjuande og sist, kortvarig, ny retning.»[1]