|

|
Offisielt |
Polen
|
|
Uttakingar
|
Nasjonalt |
8
|
Internt |
1
|
Deltaking
|
Debutår |
2003
|
Deltakingar |
9
|
Beste resultat
|
Finalen |
1 (2018 og 2019)
|
Verste resultat
|
Finalen |
Sist (2003 og 2004)
|
Poeng
|
Totalt |
1 100
|
Polen debuterte i Junior Eurovision Song Contest i 2003 i København i Danmark med songen «Coś mnie nosi», framført på polsk av Katarzyna Żurawik. Bidraga vart vald gjennom den nasjonale finalen Junior Eurosong. Landet deltok berre i 2003 og 2004. Fyrste gongen kom dei på siste plass med 3 poeng, og andre gongen kom dei på delt sisteplass med Latvia.
I 2016, etter å ha vore vekke frå tevlinga i tolv år, vendte Polen attende til Junior Eurovision Song Contest. Dei valde å gjennomføre ei nasjonal uttaking, og Olivia Wieczorek vart vald til å representere landet, med songen «Nie zapomnij».
Polen har vunnet Junior Eurovision Song Contest to gongar. I 2018, vann Polen tevlinga for fyrste gong med songen «Anyone I Want to Be», framført av Roksana Węgiel.[1] I 2019, vart Polen det fyrste landet i Junior Eurovision Song Contest til å vinne to år på rad og til å vinne på heimebane, då Viki Gabor vann tevlinga med songen «Superhero».
Bidrag i Junior Eurovision Song Contest
Røystehistorikk
Galleri
Junior Eurovision Song Contest i Polen
Sjå òg
Fotnotar
Kjelder