Polarfronten
Når det oppstår eit lågtrykk i frontsona på nordlege halvkule vil vinden alltid blåse mot klokka rundt lågtrykket, medan det er motsett på sørlege halvkule. Vanlegvis vil den varme lufta ligge på ekvatorsida av lågtrykket, medan kaldlufta er på polsida. På den nordlege halvkula betyr det at det blir danna ein varmfront aust for lågtrykket, og ein kaldfront i vest. Ved polarfronten konvergerer (møtes) polarlufta og den subtropiske lufta ved overflata. Dette fører til stigande luftrørsler i fronten, som først stoppar å stige når dei når toppen av troposfæren. I dette nivået blir luftstraumen bøygd av, og på grunn av Corioliskrafta vil lufta her strøyme austover. Denne kraftige luftstraumen blir kalla den polare jetstraumen. Denne kraftige vestavinden er hovudårsaka til at lågtrykk som oppstår i polarfronten vanlegvis blir førte austover. Det var Vilhelm Bjerknes og Bergensskulen som først påviste polarfronten og rolla han har i utviklinga av lågtrykk tidleg på 1900-talet, og danna med det grunnlaget for moderne vêrvarsling. Sjå òg |