Piet Keizer
Peter Johannes Keizer, kjend som Piet Keizer, (14. juni 1943–9. februar 2017) var ein nederlandsk fotballspelar frå Amsterdam. Han var angrepsspelar og med om å vinne europacupen tre år i rad med Ajax, i 1974 fekk han VM-sølv med Nederland i VM i fotball. KlubbspelKeizer var ein av Nederlands absolutt beste fotballspelarar i 1960-åra og på tidleg 1970-tal. Han fekk sin debut med topplaget Ajax Amsterdam i 1961. Som ytre venstre fekk han eit særleg lyft då den brilliante Johan Cruijff kom inn i laget. Fagbladet France Football har peika på den offensive styrken til Keizer, Cruijff og Sjaak Swart i perioden 1964-73. Bladet heldt angrepstrioen fram som den mest revolusjonerande av dei seks ypparste angrepstrioane i verda etter andre verdskrigen. Keizer vann seks seriemeisterpokalar og fem nasjonale cup-titlar for Ajax. Frå 1971 til 1973 sigra han og laget årleg i europacupen for serievinnarar. Han spelte 365 kampar for laget. LandslagsspelKeizer deltok frå 1962 til 1974 i 34 landskampar for Nederland. Han skåra 11 landslagsmål. Under VM i fotball 1974 var han innbytar einast i kampen mot Sverige, hans siste i landslagstrøya. Merittar
Kjelder
|