Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

Philippe Lebon

Philippe Lebon

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 29. mai 1767
Brachay
Død

1. desember 1804 (37 år)
tidlegare 8. arrondissement i Paris

Yrke oppfinnar, ingeniør, kjemikar
Språk fransk
Philippe Lebon på Commons

Philippe Lebon' (fødd 29. mai 1767 i Brachay, død 1. desember 1804) var ein fransk oppfinnar. Han er kjent for å ha arbeidd med å forbetra dampmaskina, utvinning av vedgass for bruk i lamper og for å ha kome med framlegg om å laga ein gassmotor. I 1799 fekk han patent på ein metode for å produsera vedgass.

Motoren han arbeidde med hadde tre dobbeltverkande sylindrar. Den eine sylinderen vart nytta for å komprimera luft, den andre for å komprimera gass og den tredje var arbeidssylinderen. Forbrenninga føregjekk i eit eksternt forbrenningskammer, som var kopla til arbeidssylinderen med eit røyr. Han fekk patent på motoren i 1801.

Prefix: a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9

Portal di Ensiklopedia Dunia

Kembali kehalaman sebelumnya