Peter Sinfield
Peter John Sinfield (fødd 27. desember 1943) er ein engelsk låtskrivar, mest kjend som tekstforfattar og medlem i den første versjonen av King Crimson. Debutalbumet deira In the Court of the Crimson King har vorte rekna som eit av dei viktigaste progrockalbuma gjennom tidene.[1] Som tekstforfattar har Sinfield ein særeigen måte å skrive på med omsyn til korleis orda læt, fylt med surrealistiske bilete, og særskild vekt på vass-bilete og idear som omfattar sjøen. Etter han slutta i King Crimson skreiv han tekstar for Emerson, Lake and Palmer og produserte debutalbumet til Roxy Music. Seinare i karrieren sin skreiv han for popmusikk og var medlåtskrivar på fleire hittar av artistar som Celine Dion, Cher, Cliff Richard, Leo Sayer, Five Star og Bucks Fizz. Diskografi
Kjelder
Bakgrunnsstoff
|