Peter Marstrander
Peter Elisæus Marstrander (15. april 1883–29. august 1967) var ein norsk teolog, mangeårig rektor ved Det praktisk-teologiske seminar ved Universitetet i Oslo. Prestesonen Marstrander var fødd på Vega. Han vart cand.theol. i 1908 og studerte deretter ved Universitetet i Marburg og Universitetet i Heidelberg. Sidan var han personalkapellan i Fusa 1909-14 og Korskyrkja i Bergen 1914-17. Frå 1917 var Marstrander knytt til Universitetet i Oslo. Dei fyrste åra, tida fram til 1925, var han universitetsstipendiat i systematisk teologi, samstundes var han frå 1918 også husfar ved Studenterhjemmet. Frå 1926 var han hovudlærar ved Det praktisk-teologiske seminar og frå 1937 til -53 rektor. I 1920-åra gav han fire bøker om ulike sider ved teologien og kristentrua, på hans eldre dagar kom Nattverden og vi, samt samleverket En bok om prekenen. Kjelder
|