Bandet var frå tidleg av kjend for konsertane sine, og dei var så populære at dei fekk booka ein Carling Homecoming-konsert på London Astoria før dei hadde platekontrakt. Joe Taylor, Aled Jones og Paul Scaife på The Tip Sheet, eit vekesmagasin med tilhøyrande CD for folk på innsida av den britiske musikkindustrien, høyrde først om bandet gjennom ei melding på diskusjonsforumet til The Tip Sheet, og inkluderte «Love is Only a Feeling» i januar 2002. Record of the Day inkluderte igjen songen då dei spelte på SXSW i mars 2003. «Friday Night» var den neste songen som vart føreslått å visast fram, men bandet ønskte å spare denne for eit album..[3]
I eit intervju med HitQuaters sa A&R-mannen Nick Raphael at det ikkje var noko oppstand om å få signert bandet. «Det kunne ikkje ha vore mindre styr, og berre to plateselskap synte interesse i dei.»[4] Han meinte årsaka for mangelen på interesse var at «Heile industrien meinte dei var ukule. Faktisk såg folk på dei som ein spøk og ikkje som eit ekte band.»[4] Som ein del av Sony Music UK prøvde Raphael å få bandet signert, men dei valde i staden å gå for Atlantic Records.[4]
Permission to Land gjekk rett til andreplassen på UK Albums Chart då det kom ut 7. juli 2003, før det klatra til toppen av lista, der det låg i fire veker. Det selde til slutt over 1,4 millionar eksemplar i Storbritannia aleine.[5]
Innspeling
Bandet henta inspirasjon frå noko av arbeidet dei gjorde i det lokale området sitt, nord i Suffolk-området kring heimbyen Lowestoft, inkludert «Black Shuck», som var basert på segna om ein hund som visstnok heimsøkte kyrkja i den nærliggande landsbyen Blythburgh. «Stuck in a Rut» nemner òg eit vegstykka «Barnby Bends», og «Acle Straight», som begge er hovudvegar mellom høvesvis Lowestoft og Beccles og Norwich og Great Yarmouth. Bandet spelte òg inn eit intervju for MTV Japan, som diskuterer inspirasjonen bak desse songane, og sjølvfilma opptak frå heimbyen. Dette kom ut på ein bonus-DVD med den japanske luksusutgåva av albumet.
Albumet fekk utbreitt heider av kritikarane. På Metacritic, som gjev ein normalisert karakter opp til 100 basert på meldingar frå mainstream-kritikarar, fekk plata 79 av 100, basert på 19 meldingar.[6]
«Permission to Land vil aldri bli albumet The Darkness trur det er,» skreiv Classic Rock, «men, i anda som det tilbyr er det i alle fall meir morosamt enn Use Your Illusion.»[17] I juli 2019 innlemma Decibel MagazinePermission to Land i sitt æresgalleri og skreiv at albumet «som kom til å definere hardrock tidleg i 00-åra høyrest ikkje ut som noko anna som kom ut i 2003 - eller i det førre tiåret for den saks skuld».[18]
Suksessen til albumet førte til omfattande turnear for bandet, inkludert oppvarming for Metallica på sommarturneen deira i 2003 i Europa. Dei var så hovudattraksjon på Carlingfestivalen i 2004. Bandet vann tre BRIT Awards i 2004 for beste gruppe, beste rockegruppe og beste album.[19] Dei vann òg to Kerrang!-prisar i 2004 for beste konsertartist og beste britiske band.[20] Den tredje singelen frå albumet, «I Believe in a Thing Called Love», vart ein hit i Storbritannia, og det same vart forsøket deira på å nå toppen av den britiske singellista jula 2003 med «Christmas Time (Don't Let the Bells End)». Singlane klarte akkurat ikkje å nå toppen og begge enda på andreplassen.[21][22]
Permission to Land vart røysta til det 49. av dei 50 beste albuma på 2000-talet i Kerrang!. Permission to Land vart seinare nemnt i songen «Whichever Way You Wanna Give It» av det andre bandet til frontmannen Justin Hawkins, Hot Leg. I 2005 vart albumert rangert på 356. plassen i magasinet Rock Hard si bok kalla The 500 Greatest Rock & Metal Albums of All Time.[23] Albumet var òg inkludert i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[24] I 2016 rangerte Metal HammerPermission to Land som det 63. beste albumet på lista si over dei 100 beste albuma på 2000-talet, og kalla det «eit av dei beste debutalbuma gjennom tidene».[25]
↑[...], Rock Hard (Hrsg.). [Red.: Michael Rensen. Mitarb.: Götz Kühnemund] (2005). Best of Rock & Metal die 500 stärksten Scheiben aller Zeiten. Königswinter: Heel. s. 67. ISBN3-89880-517-4.
↑Robert Dimery; Michael Lydon (23. mars 2010). 1001 Albums You Must Hear Before You Die: Revised and Updated Edition. Universe. ISBN978-0-7893-2074-2.
↑'100 Greatest Albums of the 21st Century', Metal Hammer, Summer 2016, issue 286, p. 39.