Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

Perlevintergrøn

Perlevintergrøn
Perlevintergrøn
Perlevintergrøn
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Lyngordenen Ericales
Familie: Lyngfamilien Ericaceae
Underfamilie: Monotropoideae
Slekt: Pyrola
Art: Perlevintergrøn P. minor
Vitskapleg namn
Pyrola minor

Perlevintergrøn (Pyrola minor) er ei plante i vintergrønfamilien som veks i skog og hei. Arten har ei sirkumpolar utbreiingden nordlege halvkula.

Planta vert kring 15 cm høg og har avlange rundtagga blad med flat kant. Ho har kulerund blomster med liten opning som ofte er litt raudleg. Griffelen når ikkje ut, og er til slutt kortare enn kapselen. Perlevintergrøn blomstrar kring juli månad.

Arten er vanleg gjennom heile Noreg. I Jotunheimen finst han opp til 1620 meter.

Kjelder

  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Perlevintergrøn
Prefix: a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9

Portal di Ensiklopedia Dunia

Kembali kehalaman sebelumnya