Per Stavem
Per Johan Stavem (1. mars 1926–24. september 2006) var ein lege, flygar og friidrettsutøvar frå Nordland. Han var busett i Bærum. Liv og gjerningYrkeStavem var fødd og oppvaksen i Sigerfjord i Sortland. I 1942 flykta han ut av landet til Göteborg og vidare over Færøyane til England. I England utdanna han seg til flygar ved flyskulen til Flyvåpenet. Frå oktober 1944 til 1951 var han jagarflygar i Forsvaret. Han byrja studere medisin og vart cand.med. i 1952 og dr.med i 1966. Frå 1966 til 1995 var han høvesvis assistentlege, dosent, overlege og professor ved hematologisk seksjon på Rikshospitalet. Han var spesialist i indremedisin frå 1965 og blodsjukdomar frå 1986. IdrettStavem var aktiv friidrettsmann. Han deltok i sommar-OL 1948 i London, der han vart nummer elleve i tikampen med 6 151 poeng. Både i 1951 og 1952 vart han noregsmeister i kulestøyt, i 1952 også i lengde utan tilløp. I 1952 vart han nummer åtte i kulestøyt med ny norsk rekord på 16,02 meter i finalen under sommarleikane i Helsingfors. Han vart elles nummer 16 i diskoskast med 46,00 meter i dei same leikane. Stavems personlege rekord i diskoskast var 47,49 meter, sett i september 1951 på nettop den same OL-arenaen. Stavem var aktiv i veteranklassar heilt fram til han døydde. Medaljar i norske meisterskap
YmseStavem var oppteken av språk, og som pensjonist ga han ut to diktsamlingar for eigen kostnad. På 1990-talet engasjerte han seg i den såkalla Rødseth-saka, der han hevda at Therese Rødseth leid av ein sjeldan sjukdom og ikkje hadde vorte mishandla av far sin. Kjelder
Bakgrunnsstoff
|