Per Ivarson Undi
Per Ivarson Undi (1803–28. juli 1860) var ein tidleg norsk-amerikanar i Wisconsin, og vert sett på som den fyrste emigranten frå Sogn og Fjordane.[1] BiografiPer Ivarson Undi vart fødd på garden Undi i Vik i Sogn og Fjordane. Han var ein av dei 8 borna til Iver Pedersen (1762-1837) frå garden Gullbrå i Vik og Inger Akseldtr (1775-1838) frå garden Skjervheim i Myrkdalen. Per Ivarson Undi gifta seg med Anna Davidsdatter frå garden Skjervheimm i Myrkdalen, og saman med sine born vart dei dei første emigrantane til USA frå Sogn og Fjordane i 1839. Undi var nok påverka av sin svoger, Peder Davidsen Skjervheim, som hadde emigrert frå Hardanger i 1837, og av Ole Rynning si bok frå 1838, Sandfærdig Beretning om Amerika.[2] Familien reiste frå Bergen med skipet Magdalena Christina i 1839 og var framme i New York 6. juli, 1839.[3] Familien Undi slo seg ned i landsbyen Wayne i Wisconsin.[4][5] Per Ivarson Undi har vorte anerkjend som ein føregangsmann både av norske og amerikanske historikarar. Utvandringa hans frå Vik spelte ei viktig rolle for mange nordmenn, ikkje minst i Vik og Voss. Han skreiv ofte brev til vener og familie, og mange fylgde etter han til Wisconsin, blant anna fleire av søskena: Ragnilda, Erik, Ole og Axel Iverson.[6] Referansar
Adre kjelder
Bakgrunnsstoff |