Per Aarviknes
Per Aarviknes (7. september 1897–11. april 1981) var bygdebokforfattar i Volda på Sunnmøre. Han var fødd på Årvikneset ved Straumshamn på sørsida av Voldsfjorden. Liv og YrkeAv utdanning hadde han folkeskulen og eit år på Møre Folkehøgskule i Ørsta. Han tok til som fiskar i 15 års alderen. Det var han i tolv vintrar. I tillegg arbeidde han som gardbrukar, han overtok farsgarden i 1931, som båtbyggar, vegarbeidar og som rutebilsjåfør. Han arbeidde fleire år med likninga i Volda, og to år i hamnevesenet med moloarbeid. KulturarbeidarPer Aarviknes tok til å samle folkeminne frå ti-elleve års alderen. Han søkte om stønad til å drive innsamlingsarbeid frå Nansenfondet, men fekk avslag. Han kosta sjølv reise til statsarkivet i Trondheim, og til Bergen. Første boka, Ætt og minne. Gamal segn og soge I fekk han gitt ut i 1942. Han gav ut fleire bøker med lokalhistorisk stoff. Det meste frå Volda. I 1961 vart det vald kommunal bygdeboknemnd i Volda. Aarviknes fekk no hjelp med arbeidet. Han fekk og økonomisk stønad. I 1970 - 1973 gav han ut Volda-soga : gardar og slekter i tre bind. Aarviknes var medarbeidar for Institutt for sammmenlignende kulturforsking i fleire år. Han var og medarbeidar i Norsk Ordbok. Han dirigerte songkor, og spelte fele, toradar og gitar. Per Aarviknes fekk Kongens fortenestmedalje i gull. Bibliografi
Kjelder
|