Peder Andersen
Peder Andersen (1. oktober 1813–29. mars 1873) var ein norsk lærar, gardbrukar, emissær og stortingsmann frå Bardu i Troms. Andersen var son av ein gardbrukar i Bardu. Han gjekk aldri på skule i barneåra, lesing og rekning lærde han seg heime. Dei fyrste øvingane i skriving og rekning skal ha foregått med kol på høvla trestykke. Han vart lærar og frå 1847 gardbrukar på Moen i Bardu. Andersen var den fyrste ordføraren i Bardu og elles med i forlikskommisjonen. Om vintrane reiste han fleire år som emissær for indremisjonen og for heidningmisjonen. Nokre vintrar under lofotfisket var han styrar av forsamlingshuset på Kalle i Lofoten. Både for 1868-69 og 1871-73 var han 2. representant frå Tromsø amt på Stortinget. Heile tida var han medlem av budsjettkomiteen. Andersen døydde i 1873 under stortingsopphaldet i Christiania. Kjelder
|