Paul Rodgers
Paul Bernard Rodgers (fødd 17. desember 1949)[1] er ein engelsk songar, låtskrivar og musikar, mest kjend for suksessen i 1960- og 1970-åra som vokalist i Free og Bad Company. Han bur i dag i Canada og er kanadisk borgar. Etter periodar i to mindre suksessrike band i 1980- og 1990-åra, The Firm og The Law, vart han soloartist.[2] Han har i nyare år turnert og spelt inn musikk med Queen. Rodgers har blitt kalla «The Voice» av fansen sin.[3][4] Ei undersøking i musikkmagasinet Rolling Stone rangerte han på 55. plassen på lista over dei 100 beste songarane gjennom tidene.[5] I 2011 fekk Rodgers Ivor Novello-prisen for eineståande bidrag til britisk musikk.[6] Rodgers har vore omtalt som ei stor inspirasjonskjelde for mange rockesongarar, som David Coverdale, John Waite, Steve Overland, Lou Gramm, Jimi Jamison, Eric Martin, Steve Walsh, Joe Lynn Turner, Paul Young, Bruce Dickinson, Robin McAuley, Jimmy Barnes, Richie Kotzen og Joe Bonamassa. I 1991 kalla John Mellencamp Rodgers «den beste rockesongaren gjennom tidene».[7] Freddie Mercury, den originale Queen-vokalisten, likte særleg Rodgers og den aggressive stilen hans.[5] DiskografiSolo
med Free
med Bad Company
med The Firm
med The Law
med Queen + Paul RodgersKonsertalbum
Studioalbum
Singlar
Andre album
Kjelder
Bakgrunnsstoff
|