Outsideinside
Outsideinside er det andre studioalbumet til den USA-amerikanske powertrioen Blue Cheer. Philips Records gav ut albumet i august 1968, berre sju månader etter debutplata deira, Vincebus Eruptum.[1] Albumet vart spelt inn både utandørs og innandørs - derav tittelen på albumet.[1] Låtane inneheld bidrag frå alle medlemmene, og dessutan to coverlåtar: «Satisfaction» av The Rolling Stones og «The Hunter» av Albert King.[2] Albumet vart gitt ut på CD i 1999 av det italienske selskapet Akarma Records. Denne inneheld ein ekstra låt frå dei opphavlege innspelingane, med tittelen «Fortunes», som eit bonusspor. Outsideinside nådde 90. plassen på albumlista Billboard 200. «Just a Little Bit» var den første singelen frå albumet; han nådde 92. plassen på singellista Billboard Hot 100. BakgrunnOutsideinside vart produsert av Abe «Voco» Kesh og delvis lydsett av Eddie Kramer, som hadde jobba med The Jimi Hendrix Experience og The Rolling Stones (og seinare lydsett utgivingar av mellom anna Led Zeppelin og Kiss). Nokre av låtane vart spelt inn både utandørs og i studio. Omslagsmåleriet til albumet er måla av «Arab», og vart designa av Gut Turk, ein tidlegare Hells Angel. Fotografia til albumet vart tekne av den kjende rockefotografen Jim Marshall. Outsideinside var den siste plata med den opphavlege Blue Cheer-besetninga; gitaristen Leigh Stephens forlét bandet etter at albumet vart gitt ut. Mottaking
I ei retrospektiv melding for AllMusic kommenterte Mark Deming:
I ei melding av to-for-éin nyutgivinga av albumet (saman med Vincebus Eruptum) skreiv Pitchfork-skribenten Alexander Lloyd Linhardt: «Outsideinside konverterer den stilistiske entusiasmen og lêraktige haldninga deira til strukturert song. Viss plata ikkje høyrest like innverknadsrik ut som den kataklysmiske galskapen på Vincebus, er det fordi ho definerer 'klassisk' rock.»[2] Den kanadiske journalisten Martin Popoff lovprisa albumet der bandet «pre-disponerer Purple, dunkar Hendrix i trynet, og generelt hamrar psykedelia ned i jorda» og konkluderte med at «Etter dei fleste definisjonar er ikkje dette heavy metal, men etter dei fleste målestokkar trampar Blue Cheer over Zep I og II.».[3] Innhald
Innspelingsstader«Outside-innspelingane»
«Inside-innspelingane»
Medverkande
Kjelder
|