Oppdal
Oppdal er ein tettstad og administrasjonssenteret i Oppdal kommune i Sør-Trøndelag fylke. GeografiOppdal er dei første 30 kilometrane av eit dalføre som går vestover frå tettstaden Oppdal og endar ved Sunndalsfjorden og tettstaden Sunndalsøra. Full lengd på denne dalen er 71 kilometer. Vest for fylkesgrensa mellom Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal er namnet på dalføret Sunndal. Frå aust har landskapet form av ein U-dal med ei trong elvekløft som mot vest vert alt djupare. Vestover endrar dalen form og dalen endar som ein V-dal med bratte lier. Dalføret har i sør si grense mot Dovrefjell og i nord, Trollheimen. SamfunnHovudsamferdselsåra gjennom dalen er Rv70 som går på nordsida og endar i Kristiansund. På sørsida går Fv 513 frå Kåsen til Hoel også kalla Vikavegen. Frå Storlidalen møter Fv 511 (Storlidalsvegen) riksveien ved tettstaden. Dalen omfattar to skulekrinsar, Midtbygda og Lønset. Midtbygda har skule, barnehage, museumsbutikk (Vognildsbua) kafe og festlokale (Berghallen) som ligg på Vognill, der Fv 512 (Nerskogsvegen) møter RV70, om lag 6 km frå kommunesentret. Lønset er ein liten tettstad og eit kyrkjesokn 20 km vest for tettstaden Oppdal og har skule, barnehage, samfunnshus, bedehus, eldreboligar, nærbutikk og kyrkje med kyrkjegard (800m nord for tettstaden langs med Fv511).
|