Operahuset i Oslo59°54′25″N 10°45′13″E / 59.90694°N 10.75361°E
Operahuset i Oslo er bygget til Den Norske Opera & Ballett og ligg i Bjørvika inst i Oslofjorden. Huset er teikna av arkitektkontoret Snøhetta AS som vann ein arkitektkonkurranse i 2000. Det vart opna 12. april 2008. Bygningen har vunne mange prisar. Det kvite operabygget er blitt eit monumentalbygg i Oslo, og operataket er blitt ein attraksjon i seg sjølv. Operahuset har fått adresse Kirsten Flagstads plass 1 etter den første sjefen til operaen, Kirsten Flagstad. Operahuset blei freda av Riksantikvaren i 2012.[1] ByggI 1999 vedtok Stortinget at operaen skulle plasserast i Bjørvika. Byggherre vart Statsbygg, arkitekt var Snøhetta AS og entreprisane vart blant anna tildelt Vegdekke. Kostnadsramma var på 3,9 milliardar kroner. Harald V stod for opning av operaen 12. april 2008. ![]() Foto: Kjetil Ree, 2009 .SalaneDet er tre publikumssalar. Alle stolane i Hovedsalen og på Scene 2 har eit eige system for teksting av librettoen, slik at ein kan velje kva for språk ein vil ha teksten på. Hovudsalen har 1 358 sitteplassar. Med tanke på akustikken er den bygd med form som ein tradisjonell hestesko. Det er tre balkongar som i front er kledd i eik. Også fronten på balkongane er utforma for å gi god akustikk i salen. BileteFrå oppføringa av bygget
Sjølve bygget
Frå inngangen og foajeen
Kjelder
Bakgrunnsstoff
|