Ole Anunsen Strøm
Ole Anunsen Strøm (1. august 1863–24. september 1932) var ein norsk, offiser og politikar frå Skoger i Buskerud. Strøm var son til ein gardbrukar i Skoger. Sjølv utdanna han seg til offiser. Han tok fyrst sersjanteksamen ved Norske Jægerkorps Underofficerskole i 1883, fem år seinare tok han eksamen ved ingeniør-underoffiserskulen. Åra 1888-93 arbeidde han på kontoret til ingeniørvåpenet. Frå 1893 budde han på Hvalsmoen i Norderhov, der han hadde ymse posisjonar ved ingeniørvåpenet sin landevernsbataljon. I 1911 vart han utnemnd til kvartermeister ved sappørbataljonen. Strøm var formann for Norges underoffisersforening i 1907-08. Strøm var medlem av heradsstyret i Norderhov frå 1898, varaordførar 1905-07, og ordførar i Norderhov i åra 1908-16 og 1923-25. Han var stortingsrepresentant for einmannskrinsen Ringerike i Buskeruds amt perioden 1910-12. Strøm representerte Venstre i kommunestyret og Frisinna Venstre på Stortinget. På Stortinget var han medlem i militærkomiteen. I 1928 vart Strøm Borgardådsmedaljen. Kjelder
|