Olav Midttun
Olav Midttun (fødd 8. april 1883 i Mauranger, død 5. januar 1972 i Bærum) var riksprogramsjef i NRK i tidsromma 1934–1940 og 1945–1947 og professor i nynorsk dikting og målbruk ved Universitetet i Oslo 1940–1945 og 1947–1953. RiksprogramsjefOlav Midttun er truleg mest kjend for å ha vore den fyrste riksprogramsjefen i NRK. Han var riksprogramsjef frå 1. januar 1934 til han vart avsett av NS den 28. september 1940. Etter frigjeringa 8. mai 1945 vart Middtun innsett igjen i stillinga, men gjekk av i 1947. Året etter vart det innført ny administrasjonsordning i NRK. Som riksprogramsjef passa han på å få inn norsk musikk, og av og til nokre føredrag på nynorsk. Han fekk Melsom-prisen i 1961. Midttun var ein kulturperson med røter i frilynt målnasjonalisme i 1890-åra. I 1905 var han republikanar og formann for Studentmållaget i Oslo. Frå 1908 til 1960 var Midttun redaktør for tidsskriftet Syn og Segn. I tillegg hadde han ei rad andre tillitsverv. Litteratur
|