Dette er eit oversyn over nynorsk programvare, eller programvare omsett til nynorsk.
Nynorsk programvare for Microsoft Windows
Grafiske grensesnitt
Brukarar av Microsoft Windows XP, Windows Vista, Windows 7, 8 og 10 kan installere nynorsk språkgrensesnitt. Frå og med Windows 8 kan brukarar endre systemspråket til nynorsk frå Kontrollpanelet; tidlegare utgåver av Windows krever at brukaren lastar ned ein installasjonsfil frå Microsoft sine nettsider[1]
Microsoft har også gjeve ut nynorsk språkgrensesnittpakkar for Microsoft Office. Desse må i regelen lastast ned og installerast av brukaren manuelt. Microsoft Office kjem med med nynorsk stavekontroll som ein ikkje treng installere manuelt.
Nettlesarar
E-post-klientar
Andre kommunikasjonsprogram
- Skype er eit telefoni-, SMS- og direktemeldingsprogram.
Kontorpakkar
Utviklarverktøy
Nynorsk programvare for Apple macOS
Grafiske grensesnitt
Brukargrensesnittet til macOS finst berre på bokmål.
Dei grafiske grensesnitta som er omhandla i GNU/Linux-delen kan i prinsippet køyrast på macOS, men dette krev kompetanse innanfor datateknologi og er ikkje tilrådeleg for kvardagsbrukarar.
Nettlesarar
E-post-klientar
Kontorpakkar
- OpenOffice.org—database, presentasjon, teksthandsaming med meir utvikla som open kjeldekode med stønad frå det amerikanske firmaet Sun Microsystems
- NeoOffice—baserer seg på OpenOffice.org, men har til mål å vera betre integrert med brukargrensesnittet Aqua, som er det vanlegaste på Apple Macintosh-datamaskinar
- AbiWord -- teksthandsamar. Open kjeldekode
- LyX (teksthandsamar for LaTeX). Open kjeldekode
Nynorsk programvare for GNU/Linux-operativsystem
Fleire typar GNU/Linux
- Debian GNU/Linux er ein GNU/Linux-distribusjon som fokuserer på å vera for det meste fri programvare, og er populær mellom meir avanserte GNU/Linux-brukarar.
- Fedora GNU/Linux er ein annan populær GNU/Linux-variant som stammar frå den tidlegare distribusjonen Red Hat Linux (som vidareutviklast som tenardistribusjon og distribusjon for profesjonelle arbeidsstasjonar).
- Skulelinux er den mest kjende norske GNU/Linux-distribusjonen. Den har vorte kjend gjennom at mange skular i Noreg ønskte å byte frå Windows til Skulelinux for å spare pengar og tilby elevane med nynorsk som hovudmål digitale læremiddel på eige språk.
Grafiske grensesnitt
- KDE
- GNOME er eit grafisk skrivebordsmiljø som i hovudsak vert utvikla av miljøet kring Free Software Foundation og GNU
- XFCE er eit fritt skrivebordsmiljø som har til mål å vera mindre ressurskrevjande enn dei to som er nemnde ovanfor
Nettlesarar
E-post-klientar
Kontorpakker
- OpenOffice.org
- LibreOffice open kjeldekode, kompatibel med OpenOffice og har i stort mon erstatta denne
- StarOffice—den proprietære utgåva av programvarepakka Openoffice. Har fleire funksjonar og betre støtte for aust-asiatiske språk.
- GNOME Office kontorpakke som består av skriveprogrammet AbiWord, reknearket Gnumeric samt databaseverktøyet GNOME-DB. Programma er lausare integrert med kvarandre enn andre pakker. Mange ser difor på dei som sjølvstendige program.
- KOffice—kontorpakke, med KWord (teksthandsamingsverktøy), KSpread (rekneark), KPresenter (presentasjonsverkøy), Kexi (database), Kivio (teikneverktøy for flytdiagram), Karbon14 (teikneverktøy for vektorgrafikk), Krita (biletehandsamingsverktøy), KPlato (prosjektplanleggingsverktøy), KChart (grafikkverktøy), Formula (matematikkeditor) og Kugar (rapportgenerator).
- LyX (teksthandsamar for LaTeX).
Nynorsk programvare for proprietære UNIX-operativsystem eller frie BSD-variantar
Dei fleste av programma som er nemnde for GNU/Linux kan òg køyrast på desse systema. Dette gjeld særleg Sun Solaris og dei frie BSD-variantane FreeBSD, NetBSD og OpenBSD.
Kjelder
Bakgrunnsstoff