Norges SamemisjonNorges Samemisjon er ein organisasjon for kristen misjonsverksemd mellom samar, ofte kalla Samemisjonen. Samemisjonen vart skipa i 28. februar 1888. Dei som grunnla misjonen blant samane, meinte det var viktig å ta omsyn til samisk språk og kultur. Samemisjonen har i dag hovudsete i Trondheim og driv forkynning, sosialt arbeid og skoleverksemd i den samiske befolkninga i Noreg og Russland. HistorieEtableringaMisjonsarbeidet blant samane vart på 1700-talet drive gjennom Misjonskollegiet, eit arbeid igangsett på kongeleg initiativ, og finansiert med tvungen kontingent frå alle kyrkjer sør i Noreg. På 1880-talet dreiv norske styresmakter ein hardhendt fornorskingspolitikk, og dei samiskspråklege kristendomsbøkene som Stockfleth hadde skrive, var ikkje lenger i bruk i skolen. Tromsøbiskopen J.N. Skaar sende då ut eit opprop for etablering av «Norsk Finne-Mission». Biskopens viktigaste grunnar for å opprette finnemsisjonen var følgjande:
Arbeidet i samemisjonen vart den første tida leia av biskop Skaar saman med J. K. Qvigstad og N. Ursin. 31. desember 1892 hadde misjonen sitt første styremøte og vedtok lover for organisasjonen, med formål å sende ut samisktalande predikantar og å omsetje Bibelen og andre småskrift til samisk. Formålet skulle stå uendra «saalænge der inden Tromsø Bispedømme ere Finner, som ikke forstaar det norske Sprog». Arbeid i dagSamemisjonen har vore med å bygd 6 fjellkyrkjer i Finnmark, 4 leirstader og fleire bedehus i den nordlege landsdelen. Organisasjonen driv Øytun folkehøgskole i samarbeid med andre organisasjonar. Samisjonen driv ein to-språkleg nærradio i Finnmark, og har hatt arbeid med samane på Kolahalvøya sidan 1995. Samemisjonen har om lag 300 foreiningar, organisert i 7 krinsar og ei fellesforeining. I alt har organisasjonen om lag 40 tilsette, av desse er det vel 10 forkynnarar. Bladet Samenes Venn vert utgjeve av Samemisjonen, med eit opplag på 3 000. Bakgrunnsstoff
|