Neubrandenburg
Neubrandenburg er ein by i Tyskland i delstaten Mecklenburg-Vorpommern med om lag 70 000 innbyggjarar. Byen ligg søraust i delstaten ved innsjøen Tollensesee. HistorieDei første innbyggjarane på staden var premonstratenmunkar i eit kloster ved breidda av innsjøen (om lag 1240). Sjølve byen Neubrandenburg vart grunnlagd i 1248 då markgreven av Brandenburg valde å byggje ein by i dei nordlege delane av lenet sitt. I 1292 vart byen og det omliggande området ein del av Mecklenburg. ![]() Foto: Axel Brocke Byen blømde som eit handelssentrum fram til trettiårskrigen (1618–1648). Den svenske hæren til Gustav Adolf omleira og tok byen, som vart teke tilbake av den katolske ligaen i 1631. Det finst mange rapportar som seier at dei katolske styrkane tok livet av mange svenske og skotske soldatar etter dei overgav seg. Seinare, i følgje den skotske lykkeriddaren Robert Munro, skal svenskane ha gjort det same då dei utan nåde tok livet av overlevande med ropet «Neubrandenburg!». Byen spelte derfor ei rolle i å brutalisere ein av historia sine allereie mest brutale krigar. Under den andre verdskrigen låg det ein stor krigsfangeleir kalla Stalag II-A nær byen. I 1945, få dagar før slutten av krigen, øydela ein storbrann 80 % av gamlebyen. Sidan den gong har dei fleste viktige historiske bygningane vorte bygd opp att. Kjelder
Bakgrunnsstoff |