Neil Webb
Neil John Webb (fødd 30. juli 1963) er ein engelsk tidlegare fotballspelar frå Reading. Han var i yngre år ein målkåt midtbanespelar og flink pasningsspelar, fekk seinare meir defensive roller. Landslagsspelar for England 1987-92. KarriereKlubbspelWebb var aktiv 1982-85 på Portsmouth FC sitt lag i tredje- og andre-divisjon. Sommaren 1985 vart han overført til Nottingham Forest, der han våren 1989 var med på å vinne ligacupen. Tre månader seinare skreiv han kontrakt med Manchester United. I FA-cupfinalen 1990 slo han ei briljant langpasning til Lee Martin som skåra kampens einast mål. Sommaren 1992 vende Webb tilbake til Nottingham Forest og mykje benkesliting, spelte sin siste kamp for laget i 1994. LandslagsspelI tida 1987-92 deltok Webb i 26 landskampar for England og skåra 3 mål. Han spelte to kampar under Fotball-EM 1988, bronsefinalen i Fotball-VM 1990 og to av kampane under Fotball-EM 1992. Merittar
Kjelder
|