Nashville String Machine
Nashville String Machine er eit musikalsk kollektiv som består av studiomusikarar basert i Nashville i USA. Medlemmane har spelt i lag på innspelingar sidan 1972 og fram til i dag,[1] sjølv om gruppa ikkje vart formelt kalla «The Nashville String Machine» før 1981.[2] Gruppa vart skipa av fiolinisten og konsertmeisteren Carl J. Gorodetsky (f. 1936/7) og kona og fiolinisten Carol W. Gorodetsky (f. 1937). Dei har henta inn arrangørar, musikarar og studiostøtte ved behov og har kunne handtere orkester på opp mot 80 mann.[3] Sidan talet på orkestermedlemmar varierer frå prosjekt til prosjekt, er det varierande kven som er medlemmar i kollektivet. Fire medlemmar i ensemblet har vore med sidan 1981:
Nettsida AllMusic har ført opp minst 1 171 album der «The Nashville String Machine» er oppført som musikarar.[1] Kjelder
Bakgrunnsstoff |