Nadderud stadion
Nadderud Stadion er ein fotball- og friidrettstadion i Bærum. Nadderud er heimebane for både Stabæks herrelag og kvinnelag. Publikumsrekorden er på 10 000 og vart sett mot Strømsgodset i cupen i 1970. Stadion ligg like ved Bekkestua sentrum, og i 2004 overtok Stabæk Fotball drifta av stadion frå Bærum kommune. Banen vart tidlegare òg brukt til bandy, til dømes vart bandyfinalen 1970 heldt her, dStrømsgodset slo Stabæk 3-1. I vintersesongane 1975/76 – 1979/80 vart det arrangert stemne for hurtigløp på skøyter her. Stabæks herrelag flytta før 2009-sesongen frå Nadderud til den nyoppførte Telenor Arena på Fornebu. Klubben måtte derimot forlate Telenor Arena etter 2011-sesongen, og då vart det avgjort at Stabæk Fotball skulle spele heimekampane sine i 2012 på Nadderud Stadion. ![]() Kjelder
|