Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

Moderate Venstre

Moderate Venstre
LandNoreg
Partileiar(ar)Jakob Sverdrup
Grunnlagt1888
Nedlagt1906
ForgjengarVenstre
Fusjonert medHøgre
Ideologisosialkonservatisme, klassisk liberalisme Sjå dette på Wikidata
Stortings-
representantar
25

Moderate Venstre var tidlegare namn på eit politisk parti i Noreg. Partiet vart grunnlagd i 1888 av den lågyrkjelege delen av Venstre, og vart det tredje partiet som vart representert på Stortinget. Særleg viktige spørsmål for partiet var fråhaldssak, religion og moral. Partiet målbar i mange spørsmål liknande syn som det seinare Kristeleg Folkeparti. Då partiet sin «sterke mann» Lars Oftedal i 1891 gjekk inn for samarbeid med Høgre gjekk delar av partiet attende til Venstre. Partiet vart i stor grad eit grunneigarparti. I motsetnad til Høgre gjekk Moderate Venstre inn for mest mogleg norsk sjølvstyre i høve til unionspartnaren Sverige. Då Høgre snudde i unionssaka og Samlingspartiet vart grunnlagt vart Moderate Venstre ein del av dette. I 1906 gjekk Moderate Venstre inn i Høgre.

Prefix: a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9

Portal di Ensiklopedia Dunia

Kembali kehalaman sebelumnya