Moder SveaModer Svea er ei kvinneleg lekamleggjering av Sverige. Ho blir gjerne framstilt som ei kraftfull skjoldmøy, oftast med ei eller to løver. Ein finn fleire framstillingar av Moder Svea i Sverige, mellom anna ein statue ved Riksdagshuset i Stockholm. Moder Svea blir rekna for å ha blitt skapt i 1672 av Anders Leijonstedt i diktet «Svea Lycksaligheets Triumph», men blei først utbreidd gjennom «Kunga-Skald» av Gunno Dahlstierna frå 1698.[1] Namnet er avleidd av Svea rike, eit anna namn på Sverige. Svea er seinare blitt eit svensk kvinnenamn. Historisk har symbolet vore mykje brukt i nasjonalistisk propaganda, seinare òg i politiske avisteikingar. I åra 1890-1963 var Moder Svea avbilda på svenske setlar av ulike valørar. Desse «Sitjande Svea»-setlane gjekk ut av sirkulasjon 31. desember 1987.
Kjelder
Bakgrunnsstoff |