Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

Merr

Finlandshest-merr.
Avlsmerr og føl.

Ei merr (norrønt merr)[1] eller hoppe (knytt til verbet ‘å hoppa’)[2] er eit hodyr i hestefamilien. Ordet blir brukt for hest, esel, muldyr og mulesel. Blir merra brukt i avl, blir ho kalla avlsmerr, og ei yngre merr blir kalla ei «fylje».[3]

Lynne

Merrar blir rekna for å vere lettare å handtere enn hingstar, men merrane har også ein tendens til å kunne vere strie og uviljuge, spesielt når dei nærmar seg brunst.

Bruk

Merrar blir brukt i all hestesport, sjølv om det er somme som føretrekkjer hingstar framfor merrar. Beduinane føretrekte merrar under sine tokt, fordi hingstane ville vrinske til hestane i motstandarane sin leir, medan merrane heldt stilt.

Merrar er også brukt til mjølkeproduksjon, spesielt blant nomadar og tidlegare nomadefolk i Sentral-Asia. Gjæra merramjølk, kjent som kumis, er nasjonaldrikken i Kirgisistan. Merramjølk blir også produsert i Noreg.

Kjelder

  1. «merr» i Nynorskordboka.
  2. «hoppe». Nynorskordboka. Språkrådet og Universitetet i Bergen. Henta 13. januar 2025. 
  3. «fylje» i Nynorskordboka.

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Merr
Prefix: a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9

Portal di Ensiklopedia Dunia

Kembali kehalaman sebelumnya