Melde
Melde (Chenopodium) er ei planteslekt i amarantfamilien som veks over store delar av verda. Ho inneheld rundt 150 artar. «Melde» blir brukt som namn på mange av artane i familien. Mange av dei er blitt brukt som matplantar i lang tid, fleire av dei som spinatvekstar men også om lag som korn gjennom quinoa. Elles er mange meldeplantar rekna som ugras. ![]() Dei fleste artane er eittårige med skruestilte blad som er snaue, med kjertelhår eller kuleforma mjølhår. Dei har ørsmå, tokjønna blomar med grønt blomsterdekke. Blomane sit i toppstilte knippe eller nøste, eller i bladhjørna. Frukta er ei mørk nøtt som er gøymt i eit hylster. Meldefrø inneheld generelt mykje stive og til dels også olje. Rundt 30 meldeartar er funne i Noreg, som meldestokk, stolt henrik, bærmelde, frømelde, hjartemelde, jordbærmelde og raudmelde. Ein reknar med at dei fleste av desse er komne til landet med ballast, saman med grasfrø, i innført saueull eller på anna vis. Meldestokk er ein utbreidd meldeplante i «den gamle verda» som er blitt dyrka til mat og dyrefôr. Det er gjerne frø frå denne melda ein finn når ein siktar korn. I «den nye verda» er quinoa ein gammal kulturplante som er blitt dyrka i Andes og har frø som kan malast til mjøl. Også blada kan etast. Texasmelde er ein nærskyld plante frå Nord-Amerika som er blitt brukt på liknande vis, sjølv om han i dag gjerne er rekna som eit ugras. Kjelder
Bakgrunnsstoff |