Maximilian Weber (21. april1864–14. juni1920), oftast kalla Max Weber, var ein tysksosiolog, historikar og filosof. Han var fødd i Erfurt og budde mesteparten av sin barndom og ungdom i Berlin. Han blir rekna som ein av grunnleggarane av sosiologi. Weber skreiv også mykje innan økonomi, men dei fremste verka hans omhandlar religionssosiologi og politisk sosiologi. Weber definerte mellom anna ein stat som «ei eining som har monopol på legitim bruk av fysisk makt», ein definisjon som er blitt grunnleggande i vestleg statsvitskap.
Bakgrunn
Weber var elev av den tyske filosofen Heinrich Rickert (1863-1936). Weber var påverka av Rickert sitt skilje mellom natur- og kulturvitskapar, det vil seie skiljet mellom å forklare og å forstå. Han var også oppteken av objektivitet og verdiar innanfor vitskap. Når vi orienterer oss i røynda føretar vi alltid eit utval, og dette utvalet er forma av våre personlege, subjektive synspunkt og verdioppfatningar.
I boka Protestantismens etikk og kapitalismens ånd studerte Max Weber andelege og kulturelle føresetnader for kapitalismen. Konklusjonen var at protestantismen, i kalvinistisk versjon, har stimulert framveksten av kapitalismen.
Det rasjonelle byråkrati
Weber utvikla teorien om det rasjonelle byråkrati som innebar korleis eit byråkrati burde vere for å hindra korrupsjon og fremje objektivitet og produktivitet. Weber meinte hierarki, regelstyring og spesialiserte arbeidsoppgåver var viktig for å få til dette. Inntekta til dei tilsette skulle vere basert på stillinga deira i hierarkiet, og leiarstillingar skulle vere basert på ansiennitet og kompetanse og dimed ikkje arvelege.[1][2]
Teorien hans fekk ein del kritikk for å vere for regelstyrt og for å vere for keisam med tanke på dei tilsette som blei sette til å gjere éi og den same einskilde oppgåva. I tillegg leia teorien hans i praksis til langvarige interne byråkratiske prosessar og ein modell som ikkje greidde å løyse samansette utfordringar, noka som resulterte i skipinga av New public management.[3]
Opphavleg blei den norske offentlege forvaltinga basert på byråkrati-teorien til Weber under namn som tradisjonell byråkratimodell (TB) eller tradisjonell offentleg styring (TOS).[4]
Utvalde verk
1891–1892: Die Verhältnisse der Landarbeiter im ostelbischen Deutschland
1904: Die 'Objektivität' sozialwissenschaftlicher und sozialpolitischer Erkenntnis
Tilman Allert: Die Familie. Fallstudien zur Unverwüstlichkeit einer Lebensform, de Gruyter, Berlin, New York 1998
Dirk Kaesler: Max Weber. Eine Einführung in Leben, Werk und Wirkung. 3. aktualisierte Auflage. Campus Verlag, Frankfurt am Main 2003, ISBN 3-593-37360-2