Magnesium
Magnesium er eit grunnstoff med atomnummer 12 og kjemisk symbol Mg. Det er eit jordalkalimetall. Særlege kjenneteiknBrannar i magnesium er vanskelege å slukka da metallet brenn både i nitrogen og karbondioksid. Magnesium brenn med ein klar, kvit flamme. BrukMagnesium vert brukt som reduksjonsmiddel i produksjon av uran og andre metall frå salta deira. Hydroksid, klorid, sulfat og sitrat av magnesium vert brukt i medisin. Metallet vert brukt i legeringar. HistorieMagnesium vart oppdaga av Sir Humphrey Davy i 1755. Biologisk rolleMagnesium er viktig for plantar og dyr. Nokre enzym er avhengige av magnesium for å verka rett. Klorofyll inneheld magnesium. FørekomstMagnesium er det åttande vanlegaste grunnstoffet på jorda, men finst ikkje i fri form i naturen. Mange mineral inneheld magnesium. Dolomitt og magnesitt er to av desse. KjemiI sambindingar har magnesium oksidasjonstrinn +2. Magnesiumklorid () og Magnesiumoksid (MgO) er vanlege magnesiumsambindingar. IsotoparTryggleikMagnesium reagerer eksotermt med luft og vatn. Sjå ogsåBakgrunnsstoff
|