MS «Granit» (1921)
MS «Granit» (kallesignal LBQG) var eit motorskip bygt i 1921 som lasteskip for Rederi A/S Harald Grenske i Skien. I 1923 vart skipet kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) og omdøypt «Columba». Frå 1928 og fram til det grunnstøytte i 1968, høyrde skipet til Canada, der det stort sett gjekk under namnet «Island King», og sidan «Thasis Prince». Skipet vart til slutt nedrigga til lekter. HistorieSkipet vart bygt ved Trosvik Verksted i Brevik og vart levert i mars 1921.[2] Skipet hadde ein ny type «Star kontrapropell» som vart vist fram ved Nylands mekaniske verksted 1. april 1921.[3] Propellen gjorde at ein sparte 14 % maskinkraft.[4] Skipet skulle betalast etter glideskala og reiarlaget fekk ei rekning på 1,4 millionar kroner, eller 1650 kroner per tonn, som var ein særs høg pris. Reiarlaget protesterte og nekta å betale den høge rekninga til verftet.[5] Skipet gjekk i trampfart i Nord-Europa. I mars 1923 vart skipet leigd inn av Det Bergenske Dampskibsselskab og sett inn i ruta mellom Vestlandet og Danzig i Austersjøen. I september 1923 vart skipet kjøpt av BDS for 300 000 kroner[1] og vart omdøypt «Columba». 27. januar 1924 gjekk «Columba» på grunn ved Alden, men kom seg av att ved eiga hjelp. Det kunne derimot ikkje fortsette reisa til Austersjøen og gjekk til Bergen for reparasjon for ti dagar.[6] 24. mars 1926 segla «Columba» ut frå Stavanger på veg mot Danzig, men då det var komen til Lista sprang eit av stempla i hovudmotoren. Det greidde å kome seg inn til Farsund for eigen maskin. MS «Canis» tok så med seg skipet på slep til Stavanger, der dei ei veke seinare vart henta og slept til Bergen av DS «Vulcanus».[7] Først i juni kom skipet i fart att, og tok nokre turar til Nederland, England og Hamburg, før det vart sett inn i godsruta mellom Oslo og Tromsø utpå hausten.[8] Hausten 1927 segla «Columba» til Island og segla elles dette året i trampfart. I desember 1928 hamna skipet hos kanadiske eigarar, British Columbia Cement Co.Ltd. i Victoria og det fekk namnet «Island King». I 1945 vart skipet selt til Union Steamship Ltd. i Vancouver. Skipet fekk namnet «Chilliwack» i 1954. Nye eigarar, Sannie Transport Co.Ltd. i Vancouver, tok over skipet i 1959 og gav det då namnet «Thasis Prince». I 1962 vart skipet kjøpt av Northwest Shipping Co.Ltd. i Vancouver. 15. mars 1968 stranda skipet nær Estevan ved Vancouver. Skipet vart då nedrigga til lekter. SkipetTonnasjen til skipet var ved levering 584 brt, 289 nrt og lasteevna var 840 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 1 040 m³. Hovudmaskinen var ein firesylindra 2-takts dieselmotor levert av Atlas Diesel i Stockholm. Oppgjeven yting var 100 iHk (indikerte hestekrefter) og 360 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 8 knop.[1] Sjå ògKjelder
|