MS «Balholm»
M/S «Balholm» er ein båt bygt for Fylkesbåtane i Sogn og Fjordane bygt ved A/S Stord. Skipet gjekk i fart i indre Sognefjorden frå 1949 til 1974. HistorieSkipet vart sjøsett 23. juli 1948 og døypt av fru Røsberg. Båten vart klassifisert i Skipskontrollen for 276 passasjerar og levert til Fylkesbåtane 26. april 1949. Ho vart sett inn i ruta Flåm-Høyanger med korrespondanse i Flåm med tog til Oslo. Om sommaren gjekk ho i rute Flåm-Fjærland med mange utanlandske turistar. Då det kom fleire hurtigbåtar kvar dag frå Bergen til Årdalstangen, endra trafikkmønsteret seg og «Balholm» låg i opplag om vinteren. Om sommaren vart ho derimot nytta i ruta Flåm-Gudvangen. Då bilferja kom på same ruta vart det slutt for sjøbussen. I september 1974 vart ho kjøpt av Tartan Arrow Ltd. i London og skifta namn til «Tartan Arrow V». I 1976 vart båten kjøpt av ein reiar i Nord-Irland og fekk no attende det gamle namnet sitt, «Balholm». I 1977-1979 låg båten i Nord-Irland og fungerte som hovudkvarter for ein yachtklubb. 26. januar 1979 forsvann «Balholm» under mystiske omstende. Avisa Sunday Express skreiv 11. februar 1979 følgjande: «M/S Balholm kom i vanskar utanfor kysten av Pembrokeshire. Ho dreiv hjelpelaus omkring. Dei seks personane ombord vart teken ombord i ein livbåt etter at dei hadde klart å ankre opp båten. Neste dag var båten forsvunne. Ingen kunne gje noko rimeleg forklaring på kvar M/S Balholm hadde teke vegen.» Kjelder
|