Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

Mário Zagallo

Mário Zagallo


Statsborgarskap Brasil
Fødd 9. august 1931
Atalaia
Død 5. januar 2024 (92 år)
Rio de Janeiro
Idrett fotball
Tok del i VM i fotball 1962, VM i fotball 1958, VM i fotball 1970, VM i fotball 1974, VM i fotball 1994, VM i fotball 1998

Mário Jorge Lobo Zagallo (9. august 19315. januar 2024) var ein brasiliansk fotballspelar og -trenar frå Maceió. Han vart verdsmeister med Brasil 1958 og 1962 og førte som landslagssjef Brasil til VM-triumf i 1970 og VM-finale i 1998. Zagallo og Franz Beckenbauer er dei einaste som har vunne VM i fotball både som spelar og som landslagssjef.

Karriere

Klubbspel

Zagallo spelte heile tida på lag frå Rio de Janeiro. Etter to år år i mindre kjende América, 1049-50, var han frå 1951 til 1958 aktiv i storklubben Flamengo. Med Flamengo vart han delstatsmeister tre år på rad: 1953-55. Sommaren 1956 fylgde han laget på ein turne til Europa, der Flamengo mellom anna spelte mot bylag frå Oslo og Bergen. Til sist som aktiv gjorde Zagallo i sju år teneste i Botafogo, der han mellom andre fekk spelarar som Garrincha, Nílton Santos og Amarildo Tavares til lagkameratar. Med Botafogo vann Zagallo både delstatsmeisterskapen og Rio-São Paulo-turneringa ved to høve.

Landslagsspel

Brasil sitt vinnarlag i VM 1958, Zagallo nr. to frå høgre i fremste rekke

Zagallo kom ikkje på det brasilianske landslaget før enn 1958. Både under Fotball-VM 1958 i Sverige og VM 1962 i Chile tok han plass på venstrevengen i finalane mot høvesvis Sverige og Tsjekkoslovakia. I tida fram til 1964 spelte han 33 landskampar og skåra fem mål.

Merittar

  • Verdsmeister: 1958 og 1962 for Brasil
  • Delstatsmeister i Rio de Janeiro: 1953, 1954, 1955, 1961, 1962
  • Vinnar av Torneio Rio-São Paulo: 1962, 1964

Trenar

Zagallo var i fleire periodar trenar for Flamengo, Botafogo og elles mange mange andre klubblag, mellom dei Vasco da Gama. Mest kjend er han som landslagssjef for Brasil sitt vinnarlag i VM i fotball 1970 og det laget som nådde VM-finalen under verdsmeisterskapen 1998 i Frankrike. Han var elles landslagssjef for tre oljerike arabarland.

Kjelder

Prefix: a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9

Portal di Ensiklopedia Dunia

Kembali kehalaman sebelumnya