Ludvig Leth
Ludvig Arnoldus Leth (19. august 1836–19. november 1902) var ein norsk embetsmann og stortingsmann frå Molde. Leth vart student i 1853 og cand. jur. i 1857. Sakførarfullmektig i 1858, i perioden 1859-64 var han fullmektig ved kontoret for Romsdals amt i heimbyen Molde. Underrettssakførar i Molde frå 1863. Han vart utnemnd til fut i Romsdal i 1877. Frå 1893 til han tok avskjed i 1902 var han amtmann i Romsdals amt. Leth kom med i Molde bystyre i 1862, ordførar i fleire år. Han var formann i Romsdal Sparebanks styre frå 1866, og formann i matrikkelkommisjonen for Sunnmøre. Leth var med i nokre statsoppnemnde kommisjonar, så som leiglendingskommisjonen 1879 og væreigarkommisjonen 1884. Formann i vestenfjeldske embetsgardskommisjon. 1874-76 var Leth Ålesund og Molde sin representant på Stortinget. Han var då sekretær i stortinget, samt medlem av vegkomiteen i 1874 og av budsjettkomiteen 1875-76. I stortingsperiodane 1871-73 og 1877-79 var Leth suppleant for same valkrinsen. Han døydde i fødebyen i 1902. Kjelder
|