«Look Away » er ein song frå 1988 av det amerikanske rockebandet Chicago . Han er skriven av Diane Warren og produsert av Ron Nevison . Det var den andre singelen frå albumet Chicago 19 . Songen er sungen av Bill Champlin og toppa Billboard Hot 100 i to veker i desember 1988 og vart den tredje singelen deira som klarte dette, etter «If You Leave Me Now » (1976) og «Hard to Say I'm Sorry » (1982). «Look Away» var den sjuande Chicago-songen som nådde toppen av Adult Contemporary -lista Powerballaden vart rangert på toppen av årslista til Billboard Hot 100 i 1989.
I motsetnad til dei tidlegare hittane til Chicago, er ikkje songen dominert av blåsarar . Det var òg den første songen til bandet som nådde toppen av lista etter Peter Cetera slutta i gruppa i 1985.
Innhald
7" vinyl; kassett
Lister
Vekeslister
Årslister
Liste (1989)
Plassering
US Billboard Hot 100
1
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Studioalbum Konsertalbum Samlealbum Tilknytte artiklar
Singlar frå 1960- og 1970-åra Singlar frå 1980-åra Singlar frå 1990- og 2000-åra