Long Distance Voyager er det tiande albumet til det britiske rockebandetThe Moody Blues, utgjeve i mai 1981.[1] på selskapet til gruppa, Threshold. Det var det første albumet til bandet med klaverspelaren Patrick Moraz, som erstatta Mike Pinder, som forlet bandet under innspelinga av Octave i 1978.
Då albumet kom ut i 1981 gjekk det heilt til topps i USA og inneheldt hitsinglane «Gemini Dream» (12. plassen i USA) og «The Voice» (15. plassen i USA). Albumet nådde sjuandeplass i Storbritannia.
I november 2008 vart albumet nymastra og gjeven ut på CD med eitt bonusspor.
Oversyn
Songane på Long Distance Voyager vart spelte inn i bandet sitt eige studio, Threshold Studios. Songane vart spelte in og miksa av Greg Jackman, medan Pip Williams var produsent. I tillegg til sjølve bandet - Justin Hayward, John Lodge, Ray Thomas, Graeme Edge og Patrick Moraz — nytta dei strykarar framført av The New World Philharmonic, som Pip Williams arrangerte.[4]
Long Distance Voyager er berre dels eit konseptalbum, sidan berre halvparten av songane omhandlar "reisa" tittelen syner til. Dei siste tre spora utgjer ein mini-suite.
Plateomslaget var eit måleri frå Arts Union Glasgow.[4]NASA-sonden Voyager er øvst på framsida av plateomslaget. Både Voyager 1 og Voyager 2 var i avisene på den tida då dei flydde forbi Saturn i 1980-81.