Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

Lomme

Lomme på ei dongeribukse

Ei lomme er ein liten, flat pose som er sydd fast til eit klesplagg. Lomma kan nyttast til å ha saker i gjennom ei opning i toppenden. Opninga kan for enkelte lommer stengjast med knappar eller glidelås. Lommer kan sitje innanfor yttertøyet, som til dømes framlommene på ei dongeribukse, eller i andre tilfelle sydd på utanpå yttertøyet, som baklommene på ei dongeribukse ofte er. Ei innerlomme, eller innanpålomme, er ei lomme som ein kan nå frå innsida av plagget og som finst i mange jakker. Lommer finst også på andre emne, som på vesker og lommebøker.

Ordet lomme er brukt i fleire uttrykk. «Å stå med hendene i lomma» vil i overført tyding seie å sjå på utan å gjere noko. «Å ha nokon i lomma» er eit uttrykk for å ha makt over nokon.

Kjelder

Prefix: a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9

Portal di Ensiklopedia Dunia

Kembali kehalaman sebelumnya