LineærAdjektivet lineær vert nytta i matematikk, i naturvitenskap og i generell språkbruk for å karakterisere eit system der ein eller fleire av dei følgjande eigenskapane er tilstades:
Ordet lineær kjem av det latinske linea, som tyder «linje». Eit system som ikkje er lineært kan karakteriserast som ikkje-lineært eller ulineært. Linearitet i matematikkLineær algebraLineær algebra er ei grein av matematikk som omhandlar vektorar og lineære transformasjonar. Lineær avhengigheitVektorar x, y og z i eit vektorrom er lineært avhengige dersom det finst skalarar a, b og c (der ikkje alle er 0) slik at Dersom slike skalarar ikkje finst, så er vektorane lineært uavhengige. Lineær differensiallikningEi lineær differensiallikning er lineær i den ukjente funksjonen og i samtlege deriverte av denne. Ein lineær n-tegrads differensiallikning har den generelle forma Lineært estimatEit lineært estimat av ein ukjent storleik er basert på å lineærkombinere observasjonar. Lineær interpolasjonI lineær interpolasjon blir ein ukjent storleik tilnærma ved hjelp av ein lineær funksjon. Lineær funksjon / transformasjon / operatorEin lineær transformasjon er ein funksjon T(x) mellom to vektorrom som oppfyller eigenskapane LineærkombinasjonEin lineærkombinasjon av objekt x, y og z i ei mengd er eit uttrykk på forma
der a, b og c er koeffisientar eller skalarar. I eit vektorrom er ein kvar lineærkombinasjon sjølv ein vektor i rommet. Lineær konvergensEi konvergent matematisk følgje har lineær konvergens dersom L definert ved det følgjande uttrykket har ein verdi strengt mellom 0 og 1: Lineær likningEi lineær likning er ei likning på forma der A er ein skalar, ei matrise eller ein lineær operator. Lineær regresjonEin lineær regresjon er ein regresjon som er lineær i dei ukjente parameterane, uansett orden til de kjente parameterane. Tilpassing av ei andregradskurve til eit sett av observasjonar er eit døme på ein lineær regresjon, då problemet består i å bestemme koeffisientane a, b og c i eit estimat på forma Lineært romEit lineært rom er det same som eit vektorrom. Lineær skalaI ein lineær skala er avstandar i skalaen proporsjonal med storleiken som blir representert av skalaen. Ein logaritmisk skala er eit døme på ein ikkje-lineær skala. BilinearitetEin funksjon av f(x,y) av to variable er bilineær dersom han er lineær i kvar av dei to variablane uavhengig av kvarandre. Ein bilineær funksjon kan skrivast på forma Linearitet i fysikkLineær akseleratorEin lineær akselerator eller lineac er ein partikkelakselerator der elektron eller proton blir akselerert i eit rettlinja vakumkammer. Lineært filterEit lineært filter i signalhandsaming og elektronikk er eit filter der signalet ut frå filteret varierer proporsjonalt med signalet inn. Lineær forsterkarEin lineær forsterkar er ein type forsterkar der signalet ut frå forsterkaren er proporsjonalt med signalet inn. Lineær motorEin lineær motor eller ein lineær induksjonsmotor er ein vekselstraumsmotor der statoren er rettlinja. Lineær polarisasjonVed lineær polarisasjon vert det elektriske eller magnetiske feltet avgrensa i ei elektromagentisk bølgje til å svinge berre i eitt plan langs forplatningsretninga. Linearitet i kjemiLineær molekylgeometriEit molekyl med tre eller fleire atom har ein lineær molekylgeometri dersom bindingsvinkelen mellom atoma er 180°. Døme på slike molekyl er CO2 og HCN. Vatn er døme på eit molekyl der geometrien er ikkje-lineær, sidan bindingsvinklane er 104,45° . Annan brukLineær avisproduksjonLineær avisproduksjon eller lineær repro inneberer at annonsørar leverer utkast til ein annonse nøyaktig slik dei vil han skal framstå i avisa.[1] Lineær pensjonsoppteningLov om føretakspensjon fastslår at opptent pensjon skal vere lineært berekna.[2] Kjelder
|