Liège
Liège (vallonsk Lîdje, nederlandsk Luik, tysk Lüttich) er ein stor by i Belgia og ein kommune i Vallonia og Liège. Byen ligg ved elva Maas nær Belgia si grense mot Nederland og Tyskland, der Maas møter elva Ourthe Liège er den største og viktigaste byen i Vallonia, den fransktalande delen av Belgia. Kommunen Liège inkluderer dei tidlegare kommunane Angleur, Bressoux, Chênée, Glain, Grivegnée, Jupille-sur-Meuse, Rocourt og Wandre. Sjølve byen Liège hadde i 2006 opp mot 190 000 innbyggjarar, men i området rundt Liège bur det rundt 600 000. Byen er eit av dei store økonomiske og kulturelle sentra i Vallonia, og innbyggjarane er hovudsakleg fransktalande. I tillegg er byen ein stor studentby med meir enn 24 skular og totalt 42 000 studentar (inkludert Universitet i Liège, som vart grunnlagd i 1817, som har 17 000 studentar). Det var busetnadar her alt i romartida, og Liège vart først nemnd i 558 som Vicus Leudicus. Åtaket i 2011
13. desember 2011 vart fem personar drepne og 125 vart skadde då 33 år gamle Nordine Amrani kasta granatar og avfyrte skot mot sivile på Place Saint-Lambert. Bakgrunnsstoff![]() |