Let 3
Let 3 (kroatisk for ‘flyging 3’) er eit rockeband frå Rijeka i Kroatia, etablert i 1987. Frontfigurane i bandet er Damir «Mrle» Martinović og Zoran «Prlja» Prodanović. Bandet er populært i Kroatia og i fleire andre av dei tidlegare jugoslaviske landa. Populariteten skuldast i stor grad av rockestilen til bandet og dei sjokkerande og provokative framsyningar deira, som ofte inneber mykje nakenskap.[1] Bandet vann i februar 2023 den kroatiske songtevlinga Dora og representerte Kroatia i Eurovision Song Contest 2023 med songen «Mama ŠČ!». Bakgrunn![]() Let 3 har røter tilbake til slutten av 1970-åra, då rockemusikarane Damir Martinović (Mrle) og Zoran Prodanović (Prlja) spelte i kvart sitt rockeband. I februar 1986 slo dei seg saman og danna gruppa Let 2, før dei tidleg året etter etablerte etterfølgjaren Let 3 og gav ut EP-en Rijeka – Pariz –Texas. Sidan i 1987 har Let 3 endra medlemmar ei rekkje gongar, og dei har gjort seg merka med ustyrlege framsyningar og sjokkerande og provokative tekster og utgjevingar. Bandet har skapt overskrifter og debatt i Kroatia og ellers på Balkan med seksualiserte tekster og konsertframsyningar der medlemmane opptrer nærast nakne. I 1997 gav bandet ut albumet Nečuveno (‘opprørande’ eller ‘uhøyrd’), som blei distribuert som ein CD utan innhald.[2] Trass dette, blei det selt 350 eksemplar av albumet.[3] Det neste albumet, Jedina (‘den einaste’) frå 2000, blei fyrst gjeve ut i berre eit eksemplar som bandet nekta å distribuere eller selje. Til slutt vedtok plateselskapet å gje ut albumet i ein noko endra versjon. Dette gjorde at bandet i protest iscenesette ei falsk avnretting av seg sjølv på Ban Jelačić-plassen i Zagreb.[2][3] Sidan har bandet skapt ei rekkje andre kontroversar og overskrifter. Den 9. desember 2022 blei Let 3 kunngjort som ein av deltakarane i Dora 2023, ei musikktevling som kårar det kroatiske bidraget til Eurovision Song Contest 2023. Dei vann finalen laurdag 11. februar 2023 med songen «Mama ŠČ!» og fekk dermed representere Kroatia i Eurovision Song Contest i Liverpool.[4][5] Der enda de på 13. plass i finalen.[6] MedlemmarLet 3 har hatt regelmessige endringar i besetninga si sidan etableringa i 1987. Per 2023 består bandet av:
Tidlegare bandmedlemmar:
DiskografiAlbum
Kjelder
|