Labyrinth av Nucleus
Labyrinth er det fjerde studioalbumet til den britiske jazzfusiongruppa Nucleus, gjeve ut i 1973 under namnet «Ian Carr with Nucleus». Musikken på albumet vart tinga av The Park Lane Group med mildar frå The Arts Council og først framført i Queen Elizabeth Hall i London. Inspirasjonen for verket var segna om Minotauren. Albumet var det første Nucleus-albumet utan dei opphavlege medlemmane Karl Jenkins, Jeff Clyne, John Marshall og Chris Spedding. Spedding var blitt erstatta av Allan Holdsworth på gitar for soloalbumet som Ian Carr gav ut i 1972, Belladonna, men Holdsworth slutta før innspelinga av dette albumet og Carr valde å ikkje hente inn ein ny gitarist. Albumet vart spelt inn i Phonogram Studios i mars 1973. InnhaldAlle spor skrivne av Ian Carr, utanom der andre er nemnde
Medverkande
Kjelder |