Kristian Kjelling
Kristian Cato Walby Kjelling (fødd 9. september 1980) er ein norsk landslagsspelar i handball. Kristian voks opp på Grefsen i Oslo. Han starta handballkarrieren sin i Kjelsås 6 år gamal, med faren Eldar Kjelling som trenar. 10 år seinare fekk han A-lagsdebuten sin med Kjelsås i 2. divisjon. 17 år gamal forlét han Kjelsås for å spele i eliteserien for Vestli. Året etter gjekk turen til Drammen, der han vart i tre sesongar. Deretter vart Kristian ein av dei yngste profesjonelle handballspelarane gjennom tidene då han gjekk til spanske Ademar Leon, der han vart toppskårar i den spanske ligaen. 29. mai 1998 fekk han landslagsdebuten sin på Namsos mot Sveits, men det store gjennombrotet hans kom under VM i Tunisia i 2005. I dag er Kristan mellom dei mest profilerte idrettsutøvarane i Noreg. Han har for tida 77 kampar for Noreg og 280 mål. Han spelte for den topprofilerte klubben Portland San Antonio frå 2006 til 2009. |