Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

Kecskemét

46°54′27″N 19°41′30″E / 46.90750°N 19.69167°E / 46.90750; 19.69167

Kecskemét
by
Utsyn over sentrum av Kecskemét
Land  Ungarn
Statistisk region Den sørlege store sletta
Fylke Bács-Kiskun
Distrikt Kecskemét
Areal 32 257 km²
Folketal 108 120  (2022[1])
Postnummer 6000
Retningsnummer 76
Kart
Kecskemét
46°54′27″N 19°41′30″E / 46.9075°N 19.691666666667°E / 46.9075; 19.691666666667
Wikimedia Commons: Kecskemét

Kecskemét (utt. 'Ketsjkemet'; kroatisk Kečkemit, Kečkemerac) er ein by med fylkesrettar[2] og hovudsete i distriktet med same namn i fylket Bács-Kiskun i regionen Den sørlege store sletta i Ungarn.[3] Han er òg fylkeshovudstad i Bács-Kiskun.

Med om lag 110 000 innbyggjarar er Kecskemét den åttande største byen i landet. Byen ligg sentralt i Ungarn, halvvegs mellom Budapest og Szeged, 86 km frå begge to, og nesten like langt frå dei to store elvane i landet, Donau og Tisza.

Historie

Dei første spora etter menneske i nærleiken av byen er om lag fem tusen år gamle. Sarmatianarar invaderte området i det 1. hundreåret fvt. Frå byrjinga av 1200-talet var det sju landsbyar med om lag 200–300 innbyggjarar rundt ei kyrkje, men dei vart alle øydelagd under den mongolske invasjonen av Ungarn.

Kecskemét låg langs ei av dei viktige handelsrutene og vart ein toll- og handelsstad. Ein av Ludvig den store sine dokument nemner han som ein by i 1368. Utviklinga til Kecskemét nøyt godt av plasseringa si og han vart ein marknadsby.

Byen vart erobra av osmanarane, men vart verna ved at dei betalte skatt direkte til pashaen i Buda.

Dyreavl var ei viktig næring for Kecskemét og nesten 30 000 kyr beita på den nesten 2 000 km² store sletta som byen låg på. Mot slutten av 1700-talet var denne næringa mindre viktig då produksjon av vin tok seg opp etter at store delar av landet hadde vorte råka av sjukdom på vindruene som øydela vingardane. I 1870-åra vart det oppretta store vinplantasjar rundt byen som vart hovudnæringa til Kecskemét. I denne perioden vart hovudplassen, rådhuset, fleire palass og handelshus bygd.

Den raske utviklinga stoppa opp i samband med den økonomiske krisa i verda i 1929–1933, etterfølgt av den andre verdskrigen og det nye politiske systemet etter krigen. Utviklinga til Kecskemét vart blokkert på slutten av 1950-åra og fleire nye landsbyar vart danna ut frå område som tidlegare høyrte til byen. I 1950 vart byen fylkeshovudstad i det største fylket i landet, Bács-Kiskun.

Folketal

Folketalet i busetnaden ved dei siste folketeljingane:[1]

Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2022
Kecskemét 107 749 111 411 108 120

Kjelder

Referansar

  1. 1,0 1,1 «Census database: Population data by settlement». Központi Statisztikai Hivatal (KSH) (Ungarns sentrale statistiske kontor). Henta 23. september 2025. 
  2. «Megyei jogú városok (Byar med fylkesrettar (PDF). ksh.hu (på ungarsk). Központi Statisztikai Hivatal (KSH) (Ungarns sentrale statistiske kontor). juli 2012. Henta 24. september 2025. 
  3. «Magyarország közigazgatási helynévkönyve 2019. január 1. (Administrative stadnamn 1. januar 2019 (PDF). ksh.hu (på ungarsk og engelsk). Központi Statisztikai Hivatal (KSH) (Ungarns sentrale statistiske kontor). 1. januar 2019. Henta 24. september 2025. 

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Kecskemét
Prefix: a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9

Portal di Ensiklopedia Dunia

Kembali kehalaman sebelumnya